NAV eller Arbeids- og velferdsforvaltninga, har om lag 19 000 medarbeidarar. Av desse er om lag 14 000 tilsette i staten, Arbeids- og velferdsetaten, og om lag 5 000 er tilsette i kommunane.

NAV blei etablert 1. juli 2006. Kommunane og staten samarbeider om å finne gode løysingar for brukarane gjennom 456 NAV-kontor, i kommunar og bydelar. Kommunen og NAV har avtalt kva kommunale tenester kontoret skal tilby. Tenesteinnhaldet i eit NAV-kontor vil derfor variere frå kommune til kommune.

Organisasjonen

NAV eller Arbeids- og velferdsforvaltninga, har om lag 19 000 medarbeidarar. Av desse er om lag 14 000 tilsette i staten, Arbeids- og velferdsetaten, og om lag 5 000 er tilsette i kommunane.

I tillegg til NAV-kontora er det over hundre spesialeiningar. Spesialeiningane løyser sentraliserte oppgåver som det ikkje er tenleg å utføre i førstelina på det enkelte NAV-kontoret.

Hovudmåla til NAV er

fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad ein velfungerande arbeidsmarknad rett teneste og stønad til rett tid god service tilpasset brukaren sine føresetnader og behov ein heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning Kva tyder NAV?

NAV er namnet på Arbeids- og velferdsforvaltninga. NAV var opphavleg forkorting for Ny Arbeids- og Velferdsforvaltning. NAV er no eit eigenamn og ei merkevare, og vi skriv det med store bokstavar.

Sjå også relatert informasjon. Her finn du blant anna:

NAV i tal og fakta Virksomhetsstrategi for Arbeids- og velferdsetaten