Innspillinger

Sovereign - Kråkevisa Kilde: NRK Urørt
Moped- Kråkevisa Kilde: NRK Urørt
Leaves Eyes - Krakevisa Kilde: YouTube

Tekst

Og mannen han gjekk seg i vedaskog,
hei fara i vedaskog.
Då sat der ei kråke i lunden og gol.

p(. Ref:
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Mannen han tenkte med sjølve seg,
hei, fara, med sjølve seg;
Skal tru no den kråka vil drepa meg?

Og mannen han snudde om hesten sin,
hei, fara, om hesten sin,
så køyrde han heim att til gar`en igjen.

Å høyr, du min mann, kva eg spøre deg,
hei, fara, kva eg spøre deg;
“Kvar vart det av ve`en du køyrde til meg”?

“Eg køyrde no slett ingen ve` til deg,
hei, fara, ingen ve` til deg,
for kråka ho svor ho sku` drepa meg.”

“Å no har eg aldri høyrt større skam!
hei, fara, høyrt større skam!
Har du høyrt at ei kråke kan drepe ein mann?”

Men kråka kom etter på taket og gol,
hei, fara, på taket og gol,
og mannen han opp gjennom ljoren for.

Og mannen han spente sin boge for kne,
hei, fara, sin boge for kne,
så skaut han den kråka, så ho datt ned.

Så spente han føre dei folane ti,
hei, fara, dei folane ti;
men kråka ho sprengde alle di.

Så spente han føre dei folane tolv,
hei, fara, folane tolv,
så køyrde han kråka på låvegolv.

Så flådde han kråka og lema ho sund,
hei, fara, og lema ho sund,
ho vog innpå seksten og tjue pund.

Av skinnet så gjorde han tolv par skor,
hei, fara, tolv par skor,
det beste paret det gav han til mor.

Og kjøtet han salta i tunner og fat,
hei, fara, tunner og fat,
og tunga han hadde til julemat.

Av tarmane gjorde han tolv par reip,
hei, fara, tolv par reip,
og klørne han brukte til møka-greip.

Og nebben han brukte til kyrkje-båt.
hei, fara, til kyrkje-båt,
som folk kunne sigla på frå og åt.

Og munnen han brukte te mala korn,
hei, fara, te mala korn,
og øyro han gjorde til tutar-horn.

Av augo så gjorde han stoveglas,
hei, fara, stoveglas,
og nakken han sette på kyrkja til stas.

Og den som −kje kråka kan nytta så,
hei, fara, kan nytta så,
han er ikkje verd ei kråke å få